
Velkomen til Gamle Innvik Ullvare
Kafé 1890
Dette er i den eldste delen av fabrikken. Bygd i 1890, som det framgår av namnet. Her har vi arrangement og mindre konsertar. Det er eit fint lokale til å feire bryllaup, runde dagar, firmafestar eller berre til å kome saman. I samband med lokalet er det eit mindre kjøkken og det er toalett. Passar til forsamlingar mellom 50 og 120 stk.
1914 delen
I fyrste etasje. Her jobbar vi med ei utstilling av gamle vevstolar og maskiner som har vore bruk, anten i fabrikken eller i miljøet rundt. Mellom anna står framleis kareverket her slik det stod originalt. Ei imponerande maskin i seg sjølv. Målet er at du kan gå inn i lokalet og få eit innblikk i historia og etter kvart også få prøvd ulike teknikkar og få sett deg ned på ein vevstol og sende skyttelen gjennom renningane.
Kulturscena
Her har vi dei store oppsetningane våre og dei største konsertane. I amfiet er det plass til 250 stk. Det er mogleg å leige også dette lokalet om ein vil gje folk oppleving i heilt unike lokale.
Vevsalen
Dette er den salen vår i 2.etasje. Her stod vevstolane tett når fabrikken var i bruk. Det var sagt at når alle dei vevstolane kome i takt, kunne ein sjå korleis heile bygget vaia. Vi brukar i dag lokalet som vrimleområde og til ustillingar. Den flotte renningsmaskina står i lokalet, slik den sto då fabrikken var i drift og er eit flott motiv og skapar liv i rommet.
Tørkehuset
I dag er dette ruinar. Veldig flotte ruinar, der vi håpar å få til aktivitet, konsertar og andre arrangement utandørs
Plysen
Det var her ulla kom ned gjennom sjakta frå 3.etasje. Her vart ulla sortert og lagt nøysommeleg klar for å så bli lagt i kareverket. Plysen tyder rot og uorden. Det er lett å sjå føre seg at det kunne bli litt av det når ulla kom ramlande ned gjennom sjakta.
Butikken
Ligg der den låg originalt. Eit flott lokale der det før var sal av tekstil og ullvarer. Her kan du sjå tekstil og tepper produsert i fabrikken og du kan lese om vevmeister Petter Nerland, bror til Ella som kom til fabrikken tilbake i oppstarten og vart der heile sitt yrkesaktive liv.
Verkstaden
Her stod dei som jobba med å halde maskinene ved like. På dreiebenken eller på verkstadbenken. Eit viktig rom, der dyktige maskinreparatørar redda dagen for resten av arbeidsfolket ved å setje i stand maskiner og maskindeler slik at dei kunne halde fram i sitt arbeid.
3. etasje
Veldig flotte lokaler. Inntil vi får på plass brannkonsept, må vi avtente bruk av desse.
Fargeriet
Her står stampane som vart brukt til farging av både ull og tråd. Vi skal pusse opp att rommet, slik at det etter kvart kan brukast til ulike aktivitetar, men også (håpar vi) til det som det eingong var brukt til, nemleg farging av ull og garn.
Dampmaskina
I dette rommet står dampmaskina, som forsynte fabrikken med steam. Den er sett i stand og kan brukast den dag i dag.


































