Ull Innerst I Sjela

Forfattar: Torstein Tvinnereim

Komponist: Jon Are Steen

Regissør: Anders Alvaro Gjengedal Nydal

Koreograf: Candice Bredesen

Produsert av: Gaman underholdning

Arrangør: Stiftinga Gamle Innvik ullvarefabrikk

Aktørar: I underkant av 50 inkludert musikarar

Speldatoar: 24-25-26.juni

Historia bak

Innvik Ullvarefabrikk vart starta opp i 1890 av Wall Skaaden og Andreas Svarstad. Dei skulle etterkvart etablere ein fabrikk som leverte ullvarer til heile landet. Historia til ullvarefabrikken er både spanande, varm og på mange måtar verd å fortelje.
Wall Skaaden utvandra til Amerika på starten av 1800 talet. Han var ein sterk og klok kar, som etterkvart fann seg både jobb og vart kjent med mange prominente personar i sitt nye heimland.

I Amerika fann også Ella sin Wall. Det blir sagt at ho sto inne på familiehotellet og såg Wall utanfor.
-Han skal bli min, hadde ho sagt. Slik vart det. Ella hadde eit barn frå før, ikkje berre enkelt i dei dagar.
Wall og Ella bestemte seg for å reise heim til Norge og Innvik. Der fekk han med seg syskjenbarnet sitt, Andreas Svarstad (som òg ettekvart vart svogeren) og starta opp fabrikken. Det var stor skepsis rundt industrialisering av det som før var gjort rundt på gardane, men etterkvart tok salet seg opp og dei fekk levert nok ull til å produsere. Steen&Strøm og fleire landskjende butikkar vart etterkvart gode kundar.
For å få straum til fabrikken, bygde Wall ei stor demning ovanfor Innvik og starta opp kraftverk. Folk var skeptiske til styrken på demninga og fekk rett. I 1919 brast demninga og flodbylgja gjorde stor skade nedover bygda. Heldigvis gjekk ingen menneskeliv tapt.
Innvik ullvarefabrikk vart bygd på i fleire omgangar. Den var ikkje isolert, og før ein fekk fyr i omnane på morgonen var temperaturen inne på fabrikken den same som utanfor.
I dag står bygningen framleis og er med sine 3000m2 Nord Europas største industritrevarebygning.

I 1936 skjedde den store Lodalsulukka. Ramnfjell rasa ut, ei stor flodbylgje raserte bygdene kring Lovatnet og 74 menneske omkom. Mellom dei omkomne var heile familien til Brite Hogrenning. Mann og fire born omkom medan ho var på sætra. Nokre år seinare fann ho seg ny mann og dei ville adoptere guten til syster si, Arve. Det skulle ikkje gå heilt slik dei hadde tenkt. Arve og far hans fekk tuberkulose og vart lagt inn på sanatorium. Arve overlevde, men ikkje faren. Såleis fekk Brite til slutt ein ny son. Då Arve var 11 år døyde den nye mora hans. Han vaks difor opp saman med stefaren.
Arve si historie blir i stykket fortalt parallelt med den eldre historia. Han starta opp ved fabrikken i 1960 og vi føl han -og dei som jobba der då, fram til det blir bygd ny fabrikk i 1971.Tråden rekk heilt fram til i dag

Det som gjer historia ekstra spanande er at ein kan fortelje om eit industrieventyr med opp og nedturar, spanande personlegdomar og ikkje minst menneskjeskjebnar på same tid som det framleis er ein fabrikk 50 meter unna som driv med produksjon av høgkvalitets ullprodukt. Kvadrat Innvik leverer i dag til heile verda og 80% av produksjonen går til eksport.

Skribenten og komponisten

 Torstein Tvinnereim har mange år bak seg som i teater og revymiljøet. Han har vore sentral i revyane til Gaman, som gjorde stor suksess både i Stryn, Sogndal og Ålesund i ti år frå 2003 og fram til 2012. Vidare har han skrive barnemusikalen om A&B detektivane, som mellom anna er oversett til svensk og sett opp i Malmø i 2010.
Saman med komponist Jon Are Steen står han også bak Årringar. Ein musikal som er sett opp tre år på den flotte utandørsscena ved Sagedammen, Ulvedal i Stryn kommune. Denne musikalen har samla «fulle hus» og hausta mange lovord dei tre åra den er blitt vist.  Komponist Jon Are Steen er eit musikalsk multitalent og ein stor ressurs for lokalmiljøet i Stryn. I tillegg til å komponere, dirigerer han musikklaget og er aktiv i mange ulike musikalske prosjekt. Jon Are er også ein fanstastisk dyktig gitarist, og blir leigd inn som gitarist i mange ulike samanhengar.
Diverre gjekk regissør Arild Bøe brått og uventa bort no i haust. Ny regissør er Anders Alvaro Gjengedal Nydal. Koreografien er det Bethan Candice Bredesen som har ansvar for. Bethan Candice har ei lang merittliste frå både Norge og England som dansar og koregraf. I Nordfjord kjenner vi ho best som ansvarleg for koreografi på det aller meste som blir sett opp i Operahuset på Nordfjordeid.