Ein magisk kveld med Return i gamlefabrikken

Henning Ramseth, Knut Erik Østgård og Tore Larsen i Return.

Laurdag 15. mars vart det skapt musikkmagi i auditoriet på Gamle Innvik Ullvarefabrikk, då det legendariske rockebandet Return gjesta Innvik – for aller første gong. Bandet, som har levert rockeklassikarar sidan 1980-talet, stilte denne kvelden i trioformat, med vokalist Knut Erik Østgård, bassist Tore Larsen og gitarist Henning Ramseth.

Publikum fekk ei intim og stemningsfull oppleving i ein heilt spesiell konsertsal – ei historisk fabrikkbygning som no igjen fyllest med kultur og liv. Fjordingen omtala konserten som "ein magisk kveld", og det er ei skildring vi gjerne sluttar oss til.

– Når vi er vande med å stå på store scener så er ein slik konsert magisk for oss også. Det blir veldig nakent, sa bassist Tore Larsen til lokalavisa.

Return reiste 40 mil frå Melhus for å spele i Innvik, og rakk tapas og gode samtalar før dei rigga til kveldens konsert. Musikken, historia og atmosfæren i bygget smelta saman til ei oppleving som mange sent vil gløyme.

– Det er fantastisk artig med intimkonsert, sa Knut Erik Østgård, og la til at det var på høg tid at Return spelte i Innvik – eit distrikt dei turnerte i som unge, men som har vore utan konsertbesøk frå bandet til no.

Bandet sette stor pris på å spele i ein meir akustisk og nedstrippa versjon. Med gitarar, bass og vokal – og utan stort apparat – fekk både musikken og historiane god plass. Publikum kom tett på artistane, og songane blei levande på ein ny måte.

Kultur i hjartet av Innvik

Fleire av dei frammøtte understreka kor viktig det er med arrangement og aktivitet i Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Torstein Tvinnereim, som sidan august har jobba for meir liv i bygget, fortel:

– Då bygget stod til forfall for mange år sidan vart det lagt ned ein enorm dugnadsinnsats frå bygda, og no er vi kome dit at vi kan ha arrangement her. Tidlegare har det vore både konsertar og musikal, og i sommar blir det utstillingar.

Gamle Innvik Ullvarefabrikk er ikkje berre ei av Nord-Europas største industribygningar i tre, men også eit viktig kulturminne. Med konsertar som denne er bygget igjen i ferd med å bli ein sentral møteplass for musikk, historie og fellesskap.

Vi takkar Return for ei uforgløymeleg kveld og ser fram til mange fleire opplevingar i gamlefabrikken.

Forrige
Forrige

Stemningsfull vårkveld med Sigrid Moldestad i Kafé 1890