Ullhelga vart ein suksess!
Ullhelga 5. -og 6.september vart ein suksess med godt besøk, gode kurs og god stemning. Arbeidsverkstad for barn, unge og vaksne i regi av Vevft var og med å løfta arrangementet. Dette var også siste helga utstillinga “Hesten og Plysen” stod oppe. Eit fint tilskot til gamlefabrikken som har løfta opplevinga besøkande har fått.